Apotekerkattost – Malva sylvestris

Norsk: apotekarkattost, apotekerkattost, kattost
Dansk: almindelig katost
Svensk: röd kattost, rödmalva
Malvaceae, kattostfamilien, to- eller fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: blad, blomst, rot, heil urt og frø.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Slimhinnevernande, mjukgjerande og svakt samantrekkjande, bakteriedrepande og betennelseshemmande, hostestillande og slimløysande, avførande, fordøyings- og mjølkestimulerande, roande. Apotekarkattost og eukalyptus vart sett på som ein svært god kombinasjon ved hoste og luftvegsplager.
Brukt utvortes som grautomslag på sår, kviser og byllar, utslett og insektstikk, ved opphovningar og for å trekkja ut giftstoff og anna styggedom, som det står ein stad.
Overlege Danielssen nemner i boka frå 1847 Malva som eit mildt mjukgjerande og avførande middel i samband med leprabehandling.