Asparges – Asparagus officinalis

Norsk: asparges
Dansk: asparges
Svensk: sparris
Asparagaceae, aspargesfamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: skòt, rot.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Urindrivande, svakt roande og mildt avførande, stimulerar matmeltinga og reinsar ut slaggstoff frå nyrer, urinblære og revmatiske ledd.
Asparges har mykje lenger tradisjon som medisin enn som mat. Rota vart brukt lokalt mot tannverk, men kunne òg brukast utvortes på andre ømme steder, særleg på den nedre halvdelen av kroppen. Avkok av rot i vin vart påstått å kunne kurere leverforstoppelse, gulsott og tarmslyng.
Sitat frå 1577: Skud kogt i Viin og indtaget med Eddike og Smør blødgør Maven, renser Brystet og fremmer Urinen.
Nicholas Culpeper (1616-1654) skriv, omsett frå engelsk: Aspargesrot kokt i vin klarnar synet, lindrar tannverk, og tatt fastande om morgonan, fleire dagar på rad, friskar ho opp kroppsleg lyst hjå både menn og kvinner, uansett kva enkelte har skrive om det motsette.